|
Louis Jenkins: Fisk på tørt landForord ved Robert Bly.Utval og gjendikting ved Dag T. Straumsvåg Prosadikt. Hft. 85 sider. Pris: 199 kroner. Utgjevingsdato: 3. september 2007ISBN 978-82-997559-0-0 Boka kan tingast frå forlaget på e-post: dag.straumsvaag@gmail.com eller tlf/sms til 97 11 48 41 Louis Jenkins (f. 1942) har i fleire tiår vore ein sentral prosadiktar i amerikansk samtidspoesi, og har gjeve ut elleve bøker med prosadikt. Han er representert i ei mengd antologiar, m.a. The Best American Poetry (1999), og har ved fleire høve vore gjestepoet hos Garrison Keillor i radioshowet A Prairie Home Companion. Den førebels siste boka hans, North of the Cities, kom ut i 2007. Fisk på tørt land er den første diktsamlinga av Jenkins på norsk. Han bur i Duluth i Minnesota. Meir om Louis Jenkins på Will o' the Wisp Books. |
JUNGELLOVVi døyr av toskeskap til sist. Hugsar du alle kveldane med vin, den oppheita diskusjonen, det røykfulle rommet, musikken? Spørsmåla du grubla over då er ikkje relevante. "Kvifor lever vi?" spurde du. No er "Kvar lever eg?" meir på sin plass. Først gløymer du å lukke smekken, og etter kvart som tida går gløymer du å opne den. Det er eit bananskal rundt kvart hjørne. Hugsar du alle dei kraftfulle, intense tinga du sa den gongen, korleis jentene tykte at du var kraftfull og intens? Du kunne ikkje seie slike ting med glatt fjes no, og dessutan høyrde ikkje jentene verkeleg etter. Den gamle løva med lurvete man og hengemage reiser seg for å vakte territoriet sitt, brøler patetisk, og hyenene flirer seg ihel. |
(c) Louis Jenkins 2007
Omsett av Dag T. Straumsvåg
pir forlag v/Dag T. Straumsvåg
Asylveita 4
7012 Trondheim